Løysing for Windows 7: Feil med iPhone-oppdatering
|
17.10.2011
|
skrevet av
Ørjan
|
Har du hatt problem med oppdatering til iOS5 med feilmeldingar som 3104 og 1604? Nedanfor har eg sett opp ei løysing som gjorde susen for ei som eg hjalp. Den her løysinga er for deg som brukar Windows 7.
Slik går du fram
Eg har diverre kun Windows 7 på engelsk, men håpar at du klarar å finne att dei samsvarande orda og uttrykka i norsk versjon. Det er ein fordel at du er nokonlunde trygg på bruk av datamaskin - det er ingen skam å spør om hjelp om du ikkje er komfortabel med å gjere det her sjølv. :-)
Trykk på Windows-knappen (Start) og deretter Computer
Gå til: C: > Windows > System32 > Drivers > etc
Opne fila med namn hosts i Notepad
Slett følgande tekst i fila:
74.208.10.249 gs.apple.com
*127.0.0.1 gs.apple.com
Lagre fila på skrivebordet og gje ho namnet hosts (eller ein annan plass du finn ho att)
Slett den gamle fila med namn hosts (i mappa etc)
Dra-og-slepp den nye `hosts` inn mappa `etc`
Høgreklikk på fila `hosts`
Velg `Properties`
Gå til fana `Security`
Klikk på `Edit`
Marker `Users`
Velg `Allow` på `Full Control`
Klikk `OK` og `Yes`
Opne iTunes. Tut & køyr!
Mvh. Ørjan
Kategori: effektiv | Tags: Annet